UNG I FAUSKIVALEN
UNGDOMSKONSERTER
LÅVEN & TUNET 9 AUG. KL 16.00 til 21.00
”Ung i fauskivalen” er ein eigen kveld for ungdomar under festivalen.
Det er omtalt som det beste showet under Fauskivalen der unge artistar (12-20 år) opptrer inne på Låven med DJ ute i Tunet. Dette blir ungdomens eigen festival med god stemning, bra musikk og sal av mat og drikke.
Dette er nokre av dei artistane me får sjå og høyre i år:
- Solony/Ådne Børresen (Hemsedal)
- Åsne Børtnes (Gol)
- Black horses (Ål)
- Hyper (Hemsedal)
- Mose (Drammen)
- Ruun (Hønefoss)
- Daskebandet (Hemsedal)
- Way down the rainbow (Kongsberg)
- Hilja Løvvik (Oslo)
- Amelia Gòmez Snerte (Hemsedal)
- Søstrene Wiken Wilson (Hemsedal)
- Takras (Hemsedal)
-
Hallingane (Gol/Ål/Skurdalen)
- Smårips (Hemsedal)
- Kristin Kvinnegard (Tønsberg)
- Nora & Elida (Hemsedal)
- Anne og E (Hemsedal)
- Last minute (Hallingdal)
- TREBBEL (Salhus/Gilja/Fusa)
Arrangementet er alkoholfritt.
Inngang: 100 (vaksen) / 200 (familie)
Gratis under 18 år
Arr: Fauskivalen – i samarbeid med Hemsedal kommune

Solony
Rapper Ådne Børresen fra HemsedalÅdne Børresen (18) er rappar og skriv og produserer eigne låter. Han har
hittil gjeve ut to låtar som ein kan finne på nesten alle strømmetenester:
«Bad Mood» og «Put Me Down».

Åsne
Åsne Børtnes fra GolÅsne Børtnes (19) syng og spelar gitar, og i år har ho bandmusikarar i
ryggen når ho entrar scena. Dei har alle spelt musikk i mange år, og gler seg
til å spela under Ung i Fauskivalen.

Black Horses
Rockeband fra Øvre-Ål «der motbakkane rår»Black Horses består av Sigrid Lerberg Holm (12) på slagverk, Brita Laa (12) på tangentar og vokal, Bergljot Bjella (12) på bass, gitar og vokal, og Ronja Offerdal Gjeldokk (12) på gitar og vokal. Dei spelar i hovudsak kjende rockeklassikarar som er laga fleire tiår før dei sjølv vart laga. I tillegg har dei ein neve sjølvlaga låtar på repertoaret. Ruun

Hyper
Dansegruppe fra HemsedalDansegruppa frå Hemsedal debuterte på UKM 2017, og består av 10
danseglade jenter som lagar alle dansekoreografiane sine sjølve. Fem av
desse kjem til Ung i Fauskivalen: Elvira Gòmez Snerte (14), Iris Mikkola (15),
Signe Rivedal Hjelmen (14), Milla Sofie Pettersen Henriksen (14) og Maja
Owesen (14).

Mose
Stoner Deathmetal fra DrammenMose er ein powertrio som spelar under sjangeren Stoner Deathmetal. Bandet består av Magnus Børresen (20) på vokal, Mats Andreas Eriksen (19) på gitar og bass og Emil Øvrebotten (19) på trommer. Dei har spelt saman eit års tid og er allereie ute med EP som ein kan finne på nesten alle strømmetenester.

Ruun
Frå Hemsedal/Hønefoss/ModumTre «musical boys» som har det gøy når dei spelar i lag! Eirik Waadeland
(17) på gitar og vokal, Magnus Tungen (17) på bass og Håvar Dahlen
Hanssen (17) på trommer. Som band har dei spelt sidan oktober i fjor, då
dei møttest på musikklinja på Ringerike vidaregåande skule.

Daskebandet
Ei affære mellom The Spice Girls og Hellbillies, frå HemsedalDet var ein gong ei affære mellom The Spice Girls og Hellbillies, og dette
vart resultatet: Fem dritkule hallingjentu på strengefjøli! Anne Skølt (16) på
ukulele og vokal, Hanne Mythe (16) på gitalele og vokal, Amalie Christin
Eliassen (15) på bass og vokal, Amelia Gòmez Snerte (16) på perkusjon og
vokal, Elida Wiken Wilson (15) på gitar og vokal.

Way down the rainbow
Funk-rock fra Nedre BuskerudDette bandet er ein gjeng musikkgale og spinnville gutar, som spelar blant
anna funk-rock og melodisk rock. Bandet består av Jonatan Bekken (20) på
bass, Peter Bekken (18) på gitar, Diego Aguilar (18) på vokal, Jostein Knutsen
(20) på trommer og James Hendry (17) på tangentar.

Hilja
Hilja Løvvik fra OsloHilja Løvvik (18 år) har drive med musikk sidan ho var 7 år. Ho spelar
klarinett, bassklarinett, piano og gitar, og går no på musikklinja på Edvard
Munch vidaregåande skule i Oslo. På Ung i Fauskivalen vil ho framføre
nokon av sine eigenskrivne låtar.

Amelia
Jazz/Indie frå HemsedalAmelia Gòmez Snerte (16) syng og spelar piano og kontrabass. Ho skriv
eigne tekstar og låtar, og let seg særleg inspirere av jazz og indie. Ung i
Fauskivalen vil ho dele litt av den merkelege musikken som surrar rundt i
hovudet hennar.

Takras
Hemsedals yngste bandDei er Hemsedals yngste band og har spelt sammen i to år allereie. Dei både skriv og lagar eigne songar. Bandet består av Helene Astrid Hillestad
Brennhovd (11) på vokal og bass, Oscar Haug Dehli (10) på vokal og piano,
Kristian Vold Intelhus (12) på gitar, Lukas Mythe (12) på vokal og trommer.

Hallingane
Gol/Ål/SkurdalenDenne gjengen er klare til å gje Ung i Fauskivalen eit folk-show ein seint vil
gløyma! Andrea Søgnen (17) spelar langeleik og Cecilie Skrindo (16) spelar
hardingfele, medan Ingrid Jøtun Fauske (17) og Mikkel Aasberg Arnesen (18)
dansar springar og halling.

TREBBEL
Frå Salhus/Gilja/FusaBandet består av Marie Øvstebø (18) på vokal, Idar Rolland (18) på trommer
og Sigurd Espeseth Kaslegard (17) på gitar. Alle saman har spelt musikk
heile livet, men begynte først å spela i lag i fjor haust då dei begynte på
samme skule – Kongshaug musikkgymnas.
