Årets artister 2022
Hest, fest og heimlengt med Finn Tokvam og Twang Gang
LÅVEN 12 AUGUST KL 22.00
Om du trudde at countrymusikken berre var sår og trist, så har
dette firkløveret sett seg føre å motbevisa det, men kanskje tek
vemodet dei til slutt?
Konseptet byrja som eit tingingsverk for Den Intellektuelle
Countryfestivalen på Voss. Her skjøna dei raskt at hest ER best, og dei
bestemte seg for at fleire publikumarar burde få den same oppvakninga
om countrymusikkens sjel og opprinnelse. Om du likevel meiner du kan
alt om countrymusikken, har du i alle fall sjeldan fått det presentert på
ein slik morosam og underfundig måte. Kanskje det likevel kjem nokon
avsløringar du ikkje visste frå før?
Den som møter opp får sjå og høyra! Finn Tokvam er kjend frå både
radio og TV, og er forfattar og musikar på nasjonalt nivå. I denne
konserten får de oppleve han saman med landets mest hardtsvingande
rockabillyband, Twang gang frå Voss. Her får du både le og grina, og
forhåpentlegvis lært noko nytt.




Fredag 12.08
LÅVEN
Kl 19.00: | Dørane opnar. Bar og lokalmatmeny. |
Kl 20.30: | Faenskap og Fanitullen. Program om sagnet og feleslåtten «Fanitullen»ved spelemennene John Ole Morken og Arne Anderdal |
Kl 22.00: | «Hest, fest og heimlengt».Countrysladder v/programleiar Finn Tokvam, m.a. kjent frå «P.I.L.S.» på NRK P1, Twang Gang og gjesteartist Olav Stedje. |
Laurdag 13.08
FESTIVALDAG AMFITOPPEN FAUSKO AMFI
Kl 15.00: | Dørane opnar. Lokalmat og bar ved utescenen på Amfitoppen |
Kl 16.00: | Utescenen Amfitoppen: Mikkel Rev folkrockband |
Kl 17.30: | Utescenen Amfitoppen: Joakim Solbakken |
Kl 18.30: | Utescenen Amfitoppen: Darling West |
Kl 20.00 til 23:00 | Folkemusikk og pub på Amfitoppen. Mikkel Rev og lokale folkemusikarar. |
Sundag 14.08
AMFITOPPEN: (Arrangør: Hemsedal kyrkje)
Kl 12.00: | Musikkmesse v/ Hemsedal kyrkje. Musikk v/Marthe Wang |
Kl 13 – 15: | Servering / mingling / tur. |
Kl 15.00: | Konsert Marthe Wang. |