Årets artister 2019
Hardingfelekonsert med spelemenn frå Hemsedal
NATTKONSERT I ÅRESTUGU 9 AUGUST 23.30
Hemsedal spelemannslag har fostra mange gode hardingfelespelemenn, ikkje mindre enn tre av desse tilhøyrer «elitedivisjonen» i norsk folkemusikk. Herbjørn Liahagen, Arne Anderdal og Egil Syversbråten. Fauskivalen er ekstra stolt av å kunne presentere denne buketten av bygdas eigne A-spelemenn med intimkonsert og tradisjonelt hardingfelespel (unplugged) i Årestugu seint fredag kveld.
