SOMMERENS STORE HAPPENING I HEMSEDAL - VI GLEDAR OSS!
Day(s)
:
Hour(s)
:
Minute(s)
:
Second(s)

Laurdag
KONSERT Daniel Kvammen
15.00: Dørane opnar for fyrste innslepp med inn til 200 pers.
Festivalområdet rigga for festivalstemning med grill og bar.
15.30: Fausko Amfi, Mikkel Rev
16.00: Konsert Utescenen, Hillman Hunters

17.30: Konsert Amfitoppen, Daniel Kvammen
19.00: Låven, Folkemusikkpøbb
18.00: Dørane opnar for innslepp to med inn til 200 pers
18.30: Fausko Amfi, Mikkel Rev
19.30: Konsert Utescenen, Hillman Hunters
21.00: Konsert Amfitoppen, Daniel Kvammen
22.00 Låven, Mikkel Rev

Sundag
Bob dylan tribute MESSE
12.00: Musikkmesse Bob Dylan-profil (fri inngang – 200 pers)
17.00: Den vonde bodberaren – Bob Dylan og 60 – talet

Smooth Operators tolkar Bob Dylan

Fauskivalen har i alle år lagt mykje vekt på å presentere artistar med lokal tilknyting. Daniel Kvammen har spelt konserter på alt frå landets største festivalar til ein mykje omtala hytte-turné på Hardangervidda. Som låtskrivar på godt hallingmål har han for lengst bekrefta sin posisjon som publikumsfavoritt og solid liveartist. Med sine underfundige og fengande låtar sette han Geilo på kartet i ein imponerande kombinasjon av bygde- og urbanromantikk. Debuten «Fremad i alle retninga» resulterte i heile tre Spellmann-nominasjonar. Og sidan har det berre gått oppover! For tida er han ute med vinterens kanskje finaste duett med Gabrielle med den vakre kjærleikslåten Me to er ein evighet.
Fauskivalen nr. 12. Festivalen vidarefører opplegget frå 2020 med musikk frå tre scener. Fyrispel på utescene, hovudkonsert på Amfitoppen, og nachspiel med pub på låven. Det blir lagt ut 200 billettar. Om etterspørselen blir god, så blir det lagt til rette for at heile konsertprogrammet kan køyrast gjennom to gonger. Artistar på utescenen og låven blir presentert seinare. Ung i Fauskivalen blir fredag 13 august og Hemsedal kyrkje har musikkmesse med Bob Dylan sin musikk som tema sundag 15. august. Me ynskjer å slå eit slag for å få kulturlivet og musikkglade folk ut av koronadvalen!
Arrangementet blir gjennomført takka vera støtte frå Fauskivalens viktigaste støttespelarar i alle år: ElektroTeam Hemsedal, Kiwi Hemsedal, Viken fylkeskommune og Norsk Kulturråd. Stor takk!
