Årets artister 2022

 

Faenskap og Fanitullen

LÅVEN 12 AUGUST KL20.30

 

John Ole Morken laga i 2020 eit program for Folkemusikktimen på NRK P2 der Fanitullen, slåtten og soga var tema. Gjest i programmet var Arne Anderdal som hadde si spelemannsopplæring i Hemsedal. Både Morken og Anderdal er oppteke av historia rundt musikken og har grave i kjeldene rundt myta om Fanitullen.

 

Fanitullen er nok den mest kjende slåtten me har i norsk folkemusikk. Dette er ein slått som folk flest ynskjer å høyre om dei møter ein spelemann på hardingfele. Opp gjennom åra har den vorte mykje brukt som konsertnummer og som innslag i alle type høve. Myta seier at Fanden sjølv skulle spelt denne i eit bryllaup og at det der vart krangel med dødleg utgang. Dette er beskrive svært so levande av Jørgen Moe i diktet Fanitullen som han skreiv i 1840-åra der han la dette til Hemsedal. Kvar han fekk dette frå er usikkert, men det er mange segn frå både Hallingdal og Telemark særleg, som beskriv ei slik hending.

 

Slåtten er for mange knytt til Øystein Sunde og Christiania Fusel & Blaagress’ versjon som i ei årrekkje var vignetten til radioprogrammet «På norsktoppen». Utover denne versjonen finns det mange variantar frå fleire stader i landet.

SIKRE DEG BILLETTEN NÅ

Fredag 12.08

LÅVEN

Kl 19.00: Dørane opnar. Bar og lokalmatmeny.
Kl 20.30: Faenskap og Fanitullen. Program om sagnet og feleslåtten «Fanitullen»ved spelemennene John Ole Morken og Arne Anderdal
Kl 22.00: «Hest, fest og heimlengt».Countrysladder v/programleiar Finn Tokvam, m.a. kjent frå «P.I.L.S.» på NRK P1, Twang Gang og gjesteartist Olav Stedje.

Laurdag 13.08

FESTIVALDAG AMFITOPPEN FAUSKO AMFI

Kl 15.00: Dørane opnar. Lokalmat og bar ved utescenen på Amfitoppen
Kl 16.00: Utescenen Amfitoppen: Mikkel Rev folkrockband
Kl 17.30: Utescenen Amfitoppen: Joakim Solbakken
Kl 18.30: Utescenen Amfitoppen: Darling West
Kl 20.00 til 23:00 Folkemusikk og pub på Amfitoppen. Mikkel Rev og lokale folkemusikarar.

Sundag 14.08
AMFITOPPEN: (Arrangør: Hemsedal kyrkje)

Kl 12.00: Musikkmesse v/ Hemsedal kyrkje. Musikk v/Marthe Wang
Kl 13 – 15: Servering / mingling / tur.
Kl 15.00: Konsert Marthe Wang.