Årets artister 2019

Erik Wøllo “Artist in residence”

with

Trey Gun

Jerry Marotta

Kouame Sereba

 

KVELDSKONSERT I AMFIET, FREDAG 9 AUGUST 22.00

 

Fauskivalen ynskjer å hylle Hemsedals eigen store kunstnarson, musikar og komponist Erik Wøllo. Han er inspirert av «world music» og er nok eit mykje større namn ute i verda enn i heimlandet. Fredag kveld på Fauskivalen 2019 har han urframføring av tingingsverk saman med amerikanske Jerry Marotta og Trey Gunn og afrikansknorske Kouame Sereba. Tingingsverket er spesialbestilt av Fauskivalen 2019 og støtta av Norsk Komponistfond.

 

Erik Wøllo (f. 1961) er oppvaksen i Hemsedal. Erik var eit heilt uvanleg talent, og godt som «fullbefaren» rockegitarist som 15 åring. I 1976 vart han med og danna rockebandet Cantus saman med Knut Fausko, Knut Hjelmen og Hans Petter Modalen. Dette vart starten på ei stor musikarkarriere. Frå 1980 har Erik vore musikar og komponist på heiltid. Han har erfaring frå ulike sjangerar, frå rock og jazz til eksperimentelle elektroniske og klassiske musikktyper. Ut frå dette har han utvikla sin personlege stil og har i ei årrekke representert ei heilt særeigen stilling innan norsk studio-basert instrumentalmusikk. Erik Wøllo er mest kjent for sine elektroniske synth og gitar-lydlandskap kjenneteikna av openheit og visuell djubde.

 

Han har oppnådd stor anerkjenning både i Norge og utlandet. Erik sine innspelingar har vore distribuert over heile verda sidan 1985, og har fått glimrande kritikkar frå eit stort publikum. Hans varierte produksjon inkluderar, i tillegg til eigne album, også ei mengd musikk til film, teater, ballet og multimedia. Samt verk for strykekvartettar, fløytekvartettar, sinfonietta og andre større besetningar.

 

Som gitarist har han leda eigne ensemble og med desse turnert på klubbar, konsertar og festivalar i Europa, USA og Canada. Erik Wøllo gjesta sist gong Fauskivalen i 2011 med bestillingsverket Electronic Voyage (Støtta av Norsk Komponistfond)

 

Les mer og hør musikken på http://www.wollo.com

Lytt på Spotify

SIKRE DEG BILLETTEN NÅ