UNGDOMSKONSERTER

LÅVEN & TUNET 9 AUG. KL 16.00 til 21.00

”Ung i fauskivalen” er ein eigen kveld for ungdomar under festivalen.

Det er omtalt som det beste showet under Fauskivalen der unge artistar (12-20 år) opptrer inne på Låven med DJ ute i Tunet. Dette blir ungdomens eigen festival med god stemning, bra musikk og sal av mat og drikke.

Dette er nokre av dei artistane me får sjå og høyre i år:

  • Solony/Ådne Børresen (Hemsedal)
  • Åsne Børtnes (Gol)
  • Black horses (Ål)
  • Hyper (Hemsedal)
  • Mose (Drammen)
  • Ruun (Hønefoss)
  • Daskebandet (Hemsedal)
  • Way down the rainbow (Kongsberg)
  • Hilja Løvvik (Oslo)
  • Amelia Gòmez Snerte (Hemsedal)
  • Søstrene Wiken Wilson (Hemsedal)
  • Takras (Hemsedal)
  • Hallingane (Gol/Ål/Skurdalen)

  • Smårips (Hemsedal)
  • Kristin Kvinnegard (Tønsberg)
  • Nora & Elida (Hemsedal)
  • Anne og E (Hemsedal)
  • Last minute (Hallingdal)
  • TREBBEL (Salhus/Gilja/Fusa)

Arrangementet er alkoholfritt.

Inngang: 100 (vaksen) / 200 (familie)

Gratis under 18 år

Arr: Fauskivalen – i samarbeid med Hemsedal kommune

SIKRE DEG BILLETTEN NÅ

Solony

Rapper Ådne Børresen fra Hemsedal

Ådne Børresen (18) er rappar og skriv og produserer eigne låter. Han har
hittil gjeve ut to låtar som ein kan finne på nesten alle strømmetenester:
«Bad Mood» og «Put Me Down».

Watch live performance

Åsne

Åsne Børtnes fra Gol

Åsne Børtnes (19) syng og spelar gitar, og i år har ho bandmusikarar i

ryggen når ho entrar scena. Dei har alle spelt musikk i mange år, og gler seg

til å spela under Ung i Fauskivalen.

Watch live performance

Black Horses

Rockeband fra Øvre-Ål «der motbakkane rår»

Black Horses består av Sigrid Lerberg Holm (12) på slagverk, Brita Laa (12) på tangentar og vokal, Bergljot Bjella (12) på bass, gitar og vokal, og Ronja Offerdal Gjeldokk (12) på gitar og vokal. Dei spelar i hovudsak kjende rockeklassikarar som er laga fleire tiår før dei sjølv vart laga. I tillegg har dei ein neve sjølvlaga låtar på repertoaret. Ruun

Se NRK reportasje

Hyper

Dansegruppe fra Hemsedal

Dansegruppa frå Hemsedal debuterte på UKM 2017, og består av 10

danseglade jenter som lagar alle dansekoreografiane sine sjølve. Fem av

desse kjem til Ung i Fauskivalen: Elvira Gòmez Snerte (14), Iris Mikkola (15),

Signe Rivedal Hjelmen (14), Milla Sofie Pettersen Henriksen (14) og Maja

Owesen (14).

Mose

Stoner Deathmetal fra Drammen

Mose er ein powertrio som spelar under sjangeren Stoner Deathmetal. Bandet består av Magnus Børresen (20) på vokal, Mats Andreas Eriksen (19) på gitar og bass og Emil Øvrebotten (19) på trommer. Dei har spelt saman eit års tid og er allereie ute med EP som ein kan finne på nesten alle strømmetenester.

Ruun

Frå Hemsedal/Hønefoss/Modum

Tre «musical boys» som har det gøy når dei spelar i lag! Eirik Waadeland

(17) på gitar og vokal, Magnus Tungen (17) på bass og Håvar Dahlen

Hanssen (17) på trommer. Som band har dei spelt sidan oktober i fjor, då

dei møttest på musikklinja på Ringerike vidaregåande skule.

Daskebandet

Ei affære mellom The Spice Girls og Hellbillies, frå Hemsedal

Det var ein gong ei affære mellom The Spice Girls og Hellbillies, og dette

vart resultatet: Fem dritkule hallingjentu på strengefjøli! Anne Skølt (16) på

ukulele og vokal, Hanne Mythe (16) på gitalele og vokal, Amalie Christin

Eliassen (15) på bass og vokal, Amelia Gòmez Snerte (16) på perkusjon og

vokal, Elida Wiken Wilson (15) på gitar og vokal.

View live performance

Way down the rainbow

Funk-rock fra Nedre Buskerud

Dette bandet er ein gjeng musikkgale og spinnville gutar, som spelar blant

anna funk-rock og melodisk rock. Bandet består av Jonatan Bekken (20) på

bass, Peter Bekken (18) på gitar, Diego Aguilar (18) på vokal, Jostein Knutsen

(20) på trommer og James Hendry (17) på tangentar.

View live performance

Hilja

Hilja Løvvik fra Oslo

Hilja Løvvik (18 år) har drive med musikk sidan ho var 7 år. Ho spelar

klarinett, bassklarinett, piano og gitar, og går no på musikklinja på Edvard

Munch vidaregåande skule i Oslo. På Ung i Fauskivalen vil ho framføre

nokon av sine eigenskrivne låtar.

Amelia

Jazz/Indie frå Hemsedal

Amelia Gòmez Snerte (16) syng og spelar piano og kontrabass. Ho skriv

eigne tekstar og låtar, og let seg særleg inspirere av jazz og indie. Ung i

Fauskivalen vil ho dele litt av den merkelege musikken som surrar rundt i

hovudet hennar.

Takras

Hemsedals yngste band

Dei er Hemsedals yngste band og har spelt sammen i to år allereie. Dei både skriv og lagar eigne songar. Bandet består av Helene Astrid Hillestad

Brennhovd (11) på vokal og bass, Oscar Haug Dehli (10) på vokal og piano,

Kristian Vold Intelhus (12) på gitar, Lukas Mythe (12) på vokal og trommer.

Hallingane

Gol/Ål/Skurdalen

Denne gjengen er klare til å gje Ung i Fauskivalen eit folk-show ein seint vil

gløyma! Andrea Søgnen (17) spelar langeleik og Cecilie Skrindo (16) spelar

hardingfele, medan Ingrid Jøtun Fauske (17) og Mikkel Aasberg Arnesen (18)

dansar springar og halling.

TREBBEL

Frå Salhus/Gilja/Fusa

Bandet består av Marie Øvstebø (18) på vokal, Idar Rolland (18) på trommer

og Sigurd Espeseth Kaslegard (17) på gitar. Alle saman har spelt musikk

heile livet, men begynte først å spela i lag i fjor haust då dei begynte på

samme skule – Kongshaug musikkgymnas.

New York Kommer til Hemsedal

Opplev de beste vokalistane og musikarane frå kormiljøa i Harlem. Dette blir ei oppleving du ikke kjem til å forstå før du har opplevd det.

Ny Barnecamp og Cocktailbar

Det er lagt til eget barneområde, ny cocktail bar, hotellpakker, campsite for telt og bobiler, guidet topptur, elvebading og hopping fra 10 meteren ved Rukanfossen, sykketur, låvebankett, lokal mat og drikke.