Årets program 2018

Torsdag

UNG I FAUSKIVALEN
MORGONDAGENS STJERNER

Laurdag

TOPPTUR & FJELLBADING
LÅVEBANKETTEN
JANOVE
HARLEM GOSPEL SINGERS
MK`S MARVELLOUSE MEDICINE
DROLSUM STASJON
CLINKERS
CANTUS

Sundag

FRILUFTSMESSE MED HARLEM GOSPEL KOR

4 dager med fullspekket program

 

TORSDAG 9. AUGUST – UNG I FAUSKIVALEN – START 19.00

På torsdag får du oppleve Hallingdals mest lovande musikktalent. Rundt 50 unge talent opptrer med ca 10 konsertar og underhaldningsinnslag. Et fullspekka program i 5 timar. I fjor var dette ein av dei beste opplevingane under heile festivalen. Arrangementet alkoholfritt og gratis for alle. Anbefalast på det sterkaste for ungdom, foreldre og talentspeidarar.

FREDAG 10 AUGUST – ROOTSMUSIKK – START 19.00

På torsdag får du oppleve Hallingdals mest lovande musikktalent. Rundt 50 unge talent opptrer med ca 10 konsertar og underhaldningsinnslag. Et fullspekka program i 5 timar. I fjor var dette ein av dei beste opplevingane under heile festivalen. Arrangementet alkoholfritt og gratis for alle. Anbefalast på det sterkaste for ungdom, foreldre og talentspeidarar. 19.00: Borgar Storebråten (Tunet) Golingen Borgar Storebråten platedebuterte tidlegare i år med eigen musikk med fengande Americana låtar etter plateinnspeling i Nashville! Enno eit stjerneskot frå Hallingdal, omtala som Norways new Americana star!     20.00: Tove Bøygard (Låven) Vise- og rockeartisten Tove Bøygård frå Ål saman med superbassist Jørund Bøgeberg tar med publikum inn på Låven til intimkonsert i møte med Bøygards vakre musikk og sterke samfunnsengasjerte tekstunivers. Tove har hausta super kritikkar og lovord for si siste plate Blåe drag. 22.00: Reshjemheia (Låven) Dette blir årets festivalinnslag med nyskapande og grensesprengande folkemusikk. Reshjemheia var eit bestillingsverk til Telemarksfestivalen 2015, komponert av verdsmusikaren, blues og jazzbassisten Mattis Kleppen. Med seg har han trommeslager Kenneth Kapstad (Motopsycho) og ein av landets fremste hardingfelespelemenn Ottar Kåsa (landskappleikvinnar fire gonger)   23.00: Eterpotet (Tunet) “Eterpotet» er ein folkemusikk-kvartett med utprega speleglede og energi, og drivande dansespel. Med feler, mandolin, bratsj og mandola byr dei på godbitar frå den svenske og norske slåttefaunaen. Spesialistar på kvart sitt område, frå Hadeland, Romsdal, Sogn og Kopparberg. Repertoaret består like gjerne av standardlåtar som låtar lært frå nedstøva arkivopptak, og her får du runddansmusikk, springar og polska i skjønn foreining.   24.00: Gamle Kjente (Årestugu) Gamle Kjente gjentek suksessen frå nattkonserten i Årestugu 2017 med fleire visu og meir skjemt. Med Arne Moslåtten, Arne Sandum, Magnar Bergo, Tore Løvgreen og Kjetil Kjelle.

LAURDAG 11 AUGUST – FOLKEFESTDAGEN – KONSERTSTART 15.00

Dagen startar med ein frisk topptur, etterfylgd av bading ved Rjukandefossen. På Låven er det siesta og bandhistorikk med lokale rockelegender før festivalonrådet ved Amfiet opnar kl 14.00. Fyrste artist på scenen MK`s Marvellouse Medicine som vann Spelemannsprisen i fjor og er mildt sagt marvellous. Kl 17.00 går ei sammsetting av dei beste vokalistane og musikarane frå kormiljøa i Harlem på scenen for å seta Fausko på verdenskartet. Dette blir ei oppleving du ikke kjem til å forstå før du har opplevd det. Etter å ha blåst rein fjellheimen med  soulrytmer, blir det Fauskivalhistorias heftigaste rockeshow med JANOVE m/band, frontfiguren frå tidlegare Kaizers Orchestra. Deretter kjører vi på med «nachspiel» i tunet med ekte bluegrass fra Drolum Stasjon, bankett på låven og heit festivalnatt ut i dei små timar med dans til 70 talsrock frå Cantus.   10.00 – 14.00 Topptur med bading og hopping ved Rukanfossen Etter en frisk topptur kan du ta en forfriskende svømmetur eller kaste deg utfor 10 meteren ved Rukanfossen.   12.00: Bandhistorikk i Hallingdal v/Thor Warberg. Musikk v/Clinkers og Cantus (låven) Siesta og bandhistorikk med Thor Warberg, musikk med lokale rockelegender ved Clinkers og Cantus før festivalonrådet åpner.   14.00: Dørane opnar, grill og bar   15.00: MK`s Marvellouse Medicine Energisk blues av MK`s Marvellouse Medicine. Trioen frå Bergen / Haugesund / Ålesund vann Spelemannsprisen i blues i fjor, bandet har hausta fantastiske kritikkar frå musikkpressa og festivalopptredenar på Notodden bluesfestival og mange andre stader. Bandets frontfigur Marie Kristin Dale er både eminent gitarist og vokalist.   17.00: Harlem Gospel Singers – SOULKONSERT Harlem Gospel Singers frå Harlem New York. Dette er medlemer av verdensberømte Harlem Gospel Choir, verdensleiande i sin sjanger. Spesialbestilt for Fauskivalen, som «tribute» til store legender i soulmusikken; Michael Jackson, Whitney Houston, Aretha Franklin, Tina Turner, Joe Cocker og mange fleire. Delar av konserten får backing frå om lag 20 koristar henta frå kor og songmiljø i Hallingdal.   19.00: JANOVE – Årets headliner Janove Ottesen er frontmannen i kultbandet Kaizers Orchestra. I 2017 var Janove tilbake som soloartist som Norges mest etterspurde festivalartis. Janove med nytt band gjør eit forrykande og liveshow med storslått og groovy rock. Det blir allsang frå fyrste til siste låt.   20.30: Drolsum Stasjon på låvetunet Bluegrass-bandet Drolsum Stasjon frå Ringerike tek festen vidare etter hovudkonsertane på Amfiet til nachspiel på scenen i tunet utanfor Låven. Bandet har gitt ut to album og fleire singlar og har vorte eit ettertrakta festivalband i heile landet. For tida gjev låten «Opptur» bandet stor oppmerksamheit   21.00: Bankett på Låven (bestilling – max 200 pl.) Den tradisjonelle banketten er enno eit festivalhøgdepunkt med eksklusiv tre rettara middag krydra med musikk og entertaining frå scenen. Må forehandsbestillast. For større grupper ta kontakt med festivalsjef Knut Fausko for bordbestilling og pakkepris. Den blir alltid utsolgt så vær tidlig ute.   21.00 Låvetunet Festen fortsetter på tunet med musikk, mat og underhaldning til festivalnatt ut i dei små timar.

SUNDAG 12 AUGUST – GOSPELMESSE – 12.00

Ekte Harlem Gospelmesse på Fausko Amfi, musikk v/ Harlem Gospel Singers, saman med lokale koristar. Dette blir ei friluftsmesse med eit unikt musikalsk program. Arrangementet er i regi av kyrkja i Hemsedal. Kvifor reise til til New York når du kan flytte New York til Hemsedal!!!    

LAST NED ÅRETS PROGRAMSIKRE DEG BILLETTEN NÅ

New York Kommer til Hemsedal

Opplev de beste vokalistane og musikarane frå kormiljøa i Harlem. Dette blir ei oppleving du ikke kjem til å forstå før du har opplevd det.

Ny Barnecamp og Cocktailbar

Det er lagt til eget barneområde, ny cocktail bar, hotellpakker, campsite for telt og bobiler, guidet topptur, elvebading og hopping fra 10 meteren ved Rukanfossen, sykketur, låvebankett, lokal mat og drikke.