Årets artister 2018

 

JANOVE – HEADLINER FAUSKIVALEN 2018

11 AUGUST KL 19.00 FAUSKO AMFI

Dette blir garantert største rockeshowet i Fauskivalens niårige historie.

Janove Ottesen er fyrst og fremst kjent som den karismatiske frontmannen frå kultbandet Kaizers Orchestra, blant Norges mest suksessfulle rockeband frå 2000 og fram til 2013. I 2017 var Janove tilbake som soloartist som Norges mest etterspurde festivalartist, og vart trekt fram som høgdepunkt på fleire av totalt 19 festivalar han gjorde. På Bergenfest i juni var Janove “warm up” til Queens of the Stone Age!!
Folk som opplevde Kaizers live, gløymer aldri desse konsertopplevingane, ikkje minst grunna Janove Ottesen, som blir omtala som Norges kanskje beste frontfigur.
Janove har funne formen med sitt nye band, med storslått og groovy rock, med forrykande liveshow og klare røter attende til den karakteristiske Kaizers-sounden. Og det er ingen fyrstereisgutar i dette fylgjet. Musikarane har til saman mange tusen konsertar bak seg og består av Børge Fjordheim (trommer), Mattias Hellberg (gitar), Gulleiv Wee (bass) og Micke Lohse (tangentar).

I 2017 slapp Janove sitt første norskspråklige soloalbum ”Artisten & Marlene”. No er nytt album ute, «Hengtmann».
Janove leverar alltid gjennomproft liveshow med topp stemning og allsang frå fyrste til siste låt. Her er det berre å kjenne si besøkelsestid og stille seg opp framfor scenen saman med eit allsyngande publikum på nye liveklassikarar som ”Verden Går Til Helvete, Tralala”, ”Me Vokser Aldri Opp”, ”Regnbuen Treffer Oss Ikkje Lenger”, ”Marlene” og «Hengtmann».

Fylg Janove på sosiale medier:
https://www.bergenfest.no/artister/janove/ facebook.com/janoveartist/
instagram.com/janoveottesen

LAST NED ÅRETS PROGRAMSIKRE DEG BILLETTEN NÅ

Torsdag

UNG I FAUSKIVALEN
MORGONDAGENS STJERNER

Laurdag

TOPPTUR & FJELLBADING
LÅVEBANKETTEN
JANOVE
HARLEM GOSPEL SINGERS
MK`S MARVELLOUSE MEDICINE
DROLSUM STASJON
CLINKERS
CANTUS

Sundag

FRILUFTSMESSE MED HARLEM GOSPEL KOR

New York Kommer til Hemsedal

Opplev de beste vokalistane og musikarane frå kormiljøa i Harlem. Dette blir ei oppleving du ikke kjem til å forstå før du har opplevd det.

Ny Barnecamp og Cocktailbar

Det er lagt til eget barneområde, ny cocktail bar, hotellpakker, campsite for telt og bobiler, guidet topptur, elvebading og hopping fra 10 meteren ved Rukanfossen, sykketur, låvebankett, lokal mat og drikke.